Daglegevakt
Akutt skade eller sjukdom
Daglegevakta er for akutt skade eller sjukdom når det ikkje er tid til å kontakta fastlegen. Du kan kontakta legekontoret direkte eller ringja legevaktsentralen på 116 117.
Ring 113 når det står om liv og helse.
Bjerkreim legekontor har daglegevakt for Bjerkreim kommune alle kvardagar 08–16. Tilbodet gjeld akutt skade eller sjukdom der det ikkje er tid til å kontakta fastlege. Legekontoret held til i Vikesågata 57a, 4389 Vikeså.
| Situasjon | Kva du gjer |
|---|---|
| Akutt alvorleg sjukdom eller skade | Ring 113 (medisinsk nødtelefon) |
| Akutt skade eller sjukdom kvardagar 08–16 | Kontakt legekontoret på 51204330, eller ring legevaktsentralen på 116 117 |
| Du er usikker på kven du skal kontakta | Ring legevaktsentralen på 116 117 |
Slik går du fram
Bruk dei digitale tenestene når du kan
Gjeld det helsa, bruk HelseNorge. Det skal ikkje gå pasientdialog via e-post.
Ring legekontoret
Kontoret har telefonnummer 51204330. Ring helst mellom 09 og 12 eller mellom 13 og 14.
Eller ring legevaktsentralen
Legevaktsentralen har telefonnummer 116 117.
Ved akutt alvorleg sjukdom eller skade
Ring 113.
Kva kostar ein konsultasjon på dagtid?
Eigenandelen for konsultasjon hos allmennpraktiserande lege på dagtid er 179 kroner. Hos spesialist i allmennmedisin kjem eit tillegg på 56 kroner. Prisane gjeld for perioden 1. juli 2025 – 30. juni 2026 og inngår i frikortgrunnlaget.
Kan eg møta opp på laboratoriet utan avtale?
For å unngå kø bør du ikkje møta opp utan avtale.
Kva skjer om eg ikkje møter til ein bestilt time?
For bestilt enkelttime som blir avbestilt seinare enn 24 timar før avtalt tid, eller som ikkje blir nytta, er prisen 188 kroner hos allmennlege.
