Bjerkreim legekontorSjå opningstider

Byta fastlege

Fastlegebyte på Helsenorge

På Helsenorge kan du finna ledige fastlegar, setja deg på venteliste og gjennomføra eit fastlegebyte.

Journalen følgjer ikkje automatisk med. Du må sjølv be det tidlegare legekontoret om å senda journalen til den nye fastlegen.

Les om fastlegebyte

Legane ved Bjerkreim legekontor

Bjerkreim legekontor har tre fastlegar og lege i spesialisering (LIS1). Me tilbyr fastlegetenester til innbyggarar med fastlege ved Bjerkreim legekontor.

Legar du kan velja

  • Aud Feed Davis

    Spesialist i allmennmedisin

  • Svein Kjetil Fosse

    Spesialist i allmennmedisin

  • Knut Vassbø

    Spesialist i allmennmedisin

Legekontoret har òg laboratorium for innbyggarar som har fastlege ved Bjerkreim legekontor. For å unngå kø bør du ikkje møta opp utan avtale.

Kva kostar det om eg står utanfor fastlegeordninga?

Tillegg for konsultasjon eller sjukebesøk for pasient utanfor fastlegeordninga er 131 kroner. Dette tillegget inngår ikkje i frikortgrunnlaget.

Kan eg ta offshoreattest her utan å ha fastlege ved kontoret?

Du er velkomen sjølv om du ikkje har fastlege ved legekontoret, men då må du be fastlegen din om å overføra fastlegejournalen til Bjerkreim legekontor før du kjem til undersøking for offshore-attest.

Kva gjeld for eKonsultasjon?

eKonsultasjon har eigenandel som for vanleg konsultasjon. Når fastlege ikkje er tilgjengeleg, vil anna personell motta henvendingane.

Kontakt kontoret på 51204330 (ring helst 09–12 eller 13–14). Gjeld det helsa, bruk HelseNorge – det skal ikkje gå pasientdialog via e-post.