Velkommen til Bjerkreim legekontor

Bestill time Bestill time
Forny resept Forny resept
Kontakt legekontoret Kontakt legekontoret
Start e-konsultasjon Start e-konsultasjon

Reiseplanar? Husk vaksine!

Viss du veit kvar du skal, kan me hjelpa deg med reseptar for nødvendige reisevaksinar. Du kan også få satt vaksinane her. Pris: kr 250 pr person (blir ikkje dekka av frikort etc).

PS: Sjekk kva vaksinar du har på HelseNorge og vaksinasjonsråd på FHI.NO – kanskje har du alle vaksinane du treng.

Nytt om namn 🙂

Marie er ny lege i spesialisering ved Bjerkreim legekontor, fram til 1. september.

Irene startar som fast helsesekretær no i mars.

Aud har blitt spesialist i allmennmedisin!

Bestill time digitalt!

Via Helsenorge.no kan du ta kontakt når det passar deg, så svarer me når me har tid. Du kan også finna ledig legetime hjå fastlegen, og bestilla direkte på nettet. Dørene våre er opne mellom 08-16, men viss det er travelt må me prioritera dei som har bestilt time på førehand.

Viktig informasjon

Bruk fastlegekontoret
Alle fastlegekontor tar imot eigne pasientar, også når det hastar. Har du fastlege ved Bjerkreim legekontor skal me prøva å hjelpa deg så snart som mogleg. Har du fastlege ved eit anna legekontor, skal fastlegekontoret ditt hjelpa deg.

Dag-legevakt
For turistar og ved øyeblikkelig hjelp fungerer legekontoret som legevakt på dagtid 08-16.

Ved akutt alvorleg sjukdom
Viss det er akutt og alvorleg, så ring 113 (AMK) eller 116117 (legevaktsentralen).

Telefon
Ved timebestilling, reseptfornying etc – bruk helst Helsenorge.no. Ved behov for avklaring pr. telefon bør du ringa mellom 9-12 eller mellom 13-15.

Laboratoriet
Laboratoriet er for legekontorets pasientar, og er ope 08-12 og 13-14 (enkelte prøvar kan tas fram til kl 15, men prøvar som skal sendast til sjukehuset må takast seinast kl 14). Husk å merka uringlas etc med fullt namn og fødselsdato. Du må ha time hjå lege dersom du trur du treng å få skylt øyrene. For å redusera ventetid er det lurt å avtala kva tid du skal møta på laboratoriet.

Bytta fastlege?
Klikk her. Alle som bytter fastlege frå eit legekontor til eit anna, bør be sitt tidlegare fastlegekontor om å overføra elektronisk journal til det nye legekontoret.  

eKonsultasjon
Dersom du ikkje ønsker å møta på legekontoret, kan du be om eKonsultasjon. Dette koster det same som vanleg konsultasjon, og det kan ta tid før e-konsultasjon blir besvart.

E-post
post@bjerkreimlegekontor.nhn.no (ikkje bruk til sensitiv informasjon)

Helsenorge

Vi har nå åpnet for helsenorge.no. Her kan pasienter fornye resepter, bestille timer (oppmøte, telefon eller video) og starte e-konsultasjon (tekst).

Nyheter fra FHI