Senteret sitt bannerbilde
Viktig informasjon om Koronaviruset

Bjerkreim Legekontor

FERIE 2021

Legekontoret har ope heile sommaren. Barbara Widera har ferie veke 26, 27, 32, 33. Knut Vassbø har ferie veke 28-31.

COVID-test

Bestill her: https://timebestilling.remin.no/bjerkreim
Ved spørsmål, les her. Legekontoret kan ikkje gi veiledning vedrørande test for utanlandsreiser. Du finn slik informasjon her.

Aud Feed startar som fastlege 1. oktober

Me på legekontoret er svært nøgde med å få Aud med på laget som fastlege frå hausten av. Det blir då tre fastlegar. I tillegg vil det fortsatt vera LIS1-legar ved kontoret. Meir informasjon om oppstart av pasientliste kjem etter kvart. Foto nedst på sida.

Janssen-vaksine?

Det skal mykje til for at Janssen-vaksinen blir aktuell å bruka. Skulle du likevel ønska å få vurdering mtp Janssen-vaksine, må du tinga legetime hjå din fastlege. Sjølve vurderinga er gratis. Det er stor sjanse for at du ikkje vil få tilbod om Janssen-vaksine.

Hoste, sår hals, feber, tungpust eller COVID-test?

Då skal du ikkje inn på legekontoret!

COVID 19-test?

Kontakt legekontoret for COVID-test på vekedagar. Det blir tatt COVID-test ein gong pr dag. Ved behov for test i helger, må du kontakta kommunen sin korona-telefon (404 44 960).

Test-lokalet er ein etasje nedanfor legekontoret, utanfor treningssenteret. Du ser eit banner med "COVID-TEST". Parker bil slik at du ser test-området, og kom fram til prøveområdet så snart personen i bilen ved sida er i ferd med å bli testa.

Viss du har norsk personnummer, får du svar på helsenorge.no. 

Akutt sjukdom?
Ring legekontoret, eller legevakt (116 117).

Ved akutt alvorleg sjukdom: Ring 113.

Timeavtale?
Du kan tinga timeavtale pr telefon, eller ved å bruka denne web-sida. Du må alltid ringa ved akutt sjukdom, viss du er i karantene eller har lufrvegssymptom.

eKonsultasjon
Dersom du ikkje ønsker å møta på legekontoret, kan du be om eKonsultasjon pr video eller telefon. Dette koster det same som vanleg konsultasjon.

Videokonsultasjon
1) Bruk mobil, mac eller PC: gå inn på http://join.nhn.no
2) Trykk på "video" (bilete av videokamera)
3) I feltet "Search to call" skriv du bjerkreim@vm.nhn.no
4) Vent til legen starter videokonsultasjon

Alternativ til punkt 1: last ned "Pexip Infinity Connect".

Kopla deg opp 5 minutt før avtalt tid. Det kan bli noko ventetid. Unngå bakgrunnsstøy og lys bakfrå. Ha gjerne klar ei lykt viss det er noko legen skal sjå på. Videokonsultasjon kostar det same som vanleg konsultasjon. Gratis for barn, gravide og ved frikort. 

Laboratorie, øyreskylling etc

Husk å merka uringlas etc med fullt namn og fødselsdato.

Legekontoret har laboratorie for listepasientar ved Bjerkreim legekontor og for personar som er på besøk og har fastlege på andre kantar av landet. Uavhengig av kven som er fastlege utfører kontoret Føllings test for nyfødde og COVID-test.

Bestill legetime dersom du trur du treng å få skylt øyrene.

E-post

post@bjerkreimlegekontor.nhn.no

NB: Ikkje send sensitiv informasjon på SMS eller epost!

Illustrasjon eller bilde for senter